Når elva tek ein bit av byen din

Elvene utgjer viktige landskapselement for Odda, men har opp gjennom historia vist seg å vera utru tenarar.

Hus snudd på hovudet omringa av store stein og jordmasser.
Hus tippa over og øydelagt etter flaum på Egne Hjem i 1962. Foto: Arne Breistein, Kraftmuseet.
EP03 Frykten for vannet

I slutten av oktober 2014 stod Vestlandet med vatn til langt over knea. Odda, Voss og Flåm var hardt råka av flaum. Størst skade gjorde vatnet i Odda i indre Hardanger. Opo – elva som deler Oddadalen i to, utgjer eit viktig landskapselement og rekreasjonsområdet for mange oddingar. Opovassdraget er eit verna vassdrag, men under flaumdøgnet var det menneska som måtte søka vern frå dei veldige vassmassane.

Det hadde kome store nedbørsmengder på kort tid, og Opoelva vaks seg stor utover natta. Det vart sett ny rekord for vassføring ut av Sandvinvatnet og ned i Opo. Flaumen på stasjon 48.1 Sandvenvatn i Opo nådde toppen 28. oktober klokka 18:00 med ei vassføring på 778 m3 /s. Ved midnatt vart bebuarane langs Opo evakuert av sivilforsvaret. Totalt 75 personar vart evakuerte frå 39 boligar. Fem hus, ein buss og ein garasje gjekk med i den rasande elva.

Rekved i vatn.
Rekved på Sørfjorden etter flaumen i Opo 2014. Foto: Anne Gravdal, Krafmuseet.

Ei liv forbi

Kva tenkjer du når du ser huset ditt seglar forbi? Fotoalbumet, bunaden, klede og møblar kjem rekande forbi i ein veldig fart. Restane av familielivet ditt ligg som rekved utover fjorden.

Knut Granheim var leiar i sivilforsvaret i Odda og opplevde at huset hans vart vaska vekk medan han arbeidde på spreng for å sikra andre oddingar.

«Eg har budd der i 15 år og var sikker på at huset stod trygt. Eg har aldri sett noko liknande, det har vore enorme krefter i sving.» Knut Granheim, 2014

Granheim og familien fekk køyrt seg i media dei påfølgjande dagane. Då statsminister Erna Solberg vitja flaumstaden, var det familien Granheim som målbar opplevingane til Oddingane. Det vart eit sterkt møte mellom statsministeren og flaumofra.

Det var heller ikkje første gongen at Oddasamfunnet hadde vore råka av flaum. Den rasande elva har ei lang forhistorie i Odda.

«Den rasande elva». Video: NRK. Dikt: Frode Grytten.

Flaumen i 1962

18. oktober er ein dato som har brent seg inn i minnet til mange i Odda.

«Syndfloden» kom plutseleg etter to nedbørsfattige år med vassmangel, tomme magasin ved Tyssedal kraftverk og mangel på industikraft. Hausten var komen, og det hadde vore kaldt og kome snø på fjellet. Brått slo det om til mildver og kraftig regn, nær skybrott. I tillegg smelta snøen. Dei store vassmengdene fylte opp bekke- og elvefar på få timar, og dramatikken steig i takt med vassmengdene.

Mennesker ute i gate med høg vannstand etter flaum.
Mennesker ute i gatene etter flaum i Odda 1962. Foto: Sverre Rafdal, Kraftmuseet.

Når elva har rast frå seg

Etter flaumen i oktober 2014 vart det iverksett eit større sikringsarbeid i regi av NVE. Fire år etter at elva raserte Odda-dalen, var sikringsarbeidet ferdig. Anlegget har ein prislapp på nærare 90 millionar kroner, og elva er no sikra for 1040 kubikk med vatn. Sikringsanlegget skal tåla ein 200-års flaum.

Elva renn no roleg forbi husa gjennom Oddadalen før ho møter fjorden. Oddingane søv trygt i sengene sine attmed elva. Enn so lenge.


Utforsk Kraftlandet