Espen Askeladd og fossen

Då industripioneren og eventyrkunstnaren møttes, skapte dei saman ein nasjonal kunstskatt.

Mann ser utover fjellområdet. Slott i det fjerne.
«Langt langt borte saa han noget lyse og glitre», 1900. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Børre Høstland, Nasjonalmuseet.
EP02 Kontroll

Sommaren 1907 befinn kunstnaren Theodor Kittelsen seg i ein fortvila økonomisk situasjon. Han har ikkje mindre enn åtte barn og kone å brødfø, og oppdraga er få og gir lite avkastning. Kittelsen har blitt lagt merke til som illustratør for Asbjørnsen og Moe sine samlingar med folkeeventyr, men i dei høgare kunstkrinsar i hovudstaden får hans trolske stil ikkje heilt koma inn i varmen.

Kona til Kittelsen ser seg naudt til å ta grep. I eit i brev til ein familievenn skriv ho at «det ser ut for meg som om han er for originalt og rigt begavet og for litet snob og spytslikker til at kunne få plass her hjemme.»

Lukka vil ha det til at denne familievennen kjenner industripioneren Sam Eyde. Eyde står bak etableringa av Norsk Hydro saman med Kristian Birkeland, og han blir snart introdusert for ideen om å tinge nokre verk av Kittelsen. Tanken er at verka kan tene som utsmykking av den herskaplege administrasjonsboligen for selskapet på Notodden (Adminiet). Dette er ein tanke som verkar forlokkande på Eyde.

Portrett av Theodor Kittelsen Portrett av mann

Sam Eyde er på si side på jakt etter nokon som kan skriva han, og hans prosjekt inn i «det norske». Sidan slutten av 1890 åra har han kjøpt opp fallrettar i store norske vassdrag, mykje med god hjelp av svensk kapital frå brørne Wallenberg. Eyde posisjonerer seg raskt som ein av våre fremste gründerar i ei brytningstid for den unge nasjonen Noreg, som først i 1905 kan erklæra seg sjølvstendig.

Frå midten av 1800-talet har det pågått ei rørsle der ein søken etter «det spesifikt norske» har blitt viktig. Den nasjonalromantiske strømminga pregar kunst og kultur og handlar om ei tilbakeføring til det urnorske, med inspirasjon frå folkelege tradisjonar både innan musikk og diktning. Folkeeventyra som Asbjørnsen og Moe har samla, som Kittelsen sidan illustrerer, står sentralt i denne strømminga.

Eyde sitt liv og virke er som henta ut frå eventyra, men sjølv ikkje eit industrieventyr er fritt for troll som prøver å stikka kjeppar i hjula. For Eyde er desse trolla norske politikarar, som med sine konsesjonslover gjev han meirarbeid. Han føler seg uglesett og misforstått av både politikarar og det norske folk.

I samband med Eyde sin 50 års dag skriv avisa Aftenposten

«[…] Eyde maatte bryde igjennom et panser af kulde og mistro, før han stod med verket reist. Det har kanske skabt lidt bitterhed hos ham, en følelse af ikke at være anerkjendt nok. De fleste betydelige kunstnere har oplevet noget lignende.» Aftenposten, 1916

Då Eyde i 1907 blir introdusert for Kittelsen, er det lett å tenkje at dei fann tonen over felles erfaringar med eit slags opplevd utanforskap. Eyde ser i Kittelsen dessutan ein som beherskar «det norske» gjennom folkeeventyra, og Kittelsen ser moglegheiter for eit betalt oppdrag. Eit fruktbart samarbeid kan ta fatt.

I brevkorrespondanse mellom dei to kan ein lese at Eyde er tydeleg i si sak; han treng å skriva sine industribragder inn i eventyra. Heldigvis for Eyde beherskar Kittelsen det «eventyrlege». Sam Eyde får oversendt skisser og kommenterer fortløpande per brev.

«Trylleslottet er bygget, og den store hvide mangehodede Drage lænket (Kraftstationen)….dette må bli ypperlig i baade malerisk og fantastisk henseende. Kraftstationen vil jeg ha som et skinnende Eventyrslot. Straalende lys fra alle vinduer, alt andet rundt om i dæmpede farger, mot lyset. … vi må få dette Emne stort og enkelt .. Fritt for alle disse forvirrende smaatterier, som Emnet slet ikke trenger, og som bare vil ødelegge det. Ingen Plukfisk

Oppdraget munnar ut i ein serie på fem akvarellar med utgangspunkt i utbyggjinga av Svælgfoss kraftverk. Eyde betaler Kittelsen 5000 kroner for serien.

«Kraftstationen vil jeg ha som et skinnende Eventyrslot [..]» Sam Eyde, 1907
Akvarell av brusende foss og eventyrskikkelser
«Fossen», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.

I første maleri i serien, kalla «Fossen», er Sam Eyde portrettert som ein moderne Askeladd som står og kikar inn i den brusande fossen. Han ser potensialet i vatnet når ingen andre gjer det. I elvebruset er det måla inn ein alv som lokkar Askeladden til seg og peiker på «den store dragen» i fossen og viser han korleis han kan temme han.

Til venstre i biletet kan ein legge merke til korleis Kittelsen har måla inn ein familie på flyttefot. Dei representerer truleg utvandringa til Amerika, og står i motsetnad til Eyde som med sine idear skal ta nasjonen inn i den nye tida med arbeid til fleire.

Det påfølgjande måleriet «Grunnarbeidet» syner anleggsarbeidet. Det er eit myldrande arbeidslag i møte med snøkledde steile fjellsider. Naturen blir framstilt som mektig, men nissane som arbeider, er mange, og dei lukkast i sitt arbeid med å temma naturen.

Arbeidere med røde nisseluer lager tunneler i snøkledd bergvegg
«Grunnarbeide», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.

I bilete nummer tre med tittel «Dammen på Kloumann-sjøen» er det måla inn eit peik til Stortinget bak den storslåtte dammen. «Hodet som dukker opp, det er Stortinget som våkner av sin søvn og begynner å ergre seg over at noe stort er blitt gjort her i landet.» Dette skriv Eyde i brev til Kittelsen. Nede i høgre hjørne kan ein leggja merke til ei framstilling av Fossegrimen som græt sine bitre tårer for fossen hans som no er temt og regulert. Over det heile strålar det ein regnboge.

Akvarell av dam med fossende vann og eventyrfigurer
«Dammen på Kloumansjøen», 1908. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.
Akvarell av lysende kraftstasjon med fossende vann og trollfigurer
«Svælgfos», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.

Det fjerde måleriet i serien er kanskje seriens mest ikoniske. I «Svælgfos» står kraftstasjonen ferdig utbygd. Naturkreftene er temde, og etter at dei er nytta til kraftutvinning blir vatnet og dragen med det, sleppt fri. Nokre andlet i fjellet følgjer søvnig med på det som skjer.

«Vet du hva de fjesene skal forestille?» skriv Kittelsen til Eyde. «Jo det er de følgesvenner som trolig har forfulgt Dem gjennom livet: dumheten på den ene siden og misunnelsen på den annen.»

Serien finn si avrunding med motivet «Markens grøde». Det er ein hyllest til det fruktbare med ein gullfarga åkerlapp i forgrunn, og Notodden ligg bada i stråleglans i bakgrunnen. Den ljose alven i åkeren understrekar det eventyrlege ved pionerprosjektet til Eyde.

Akvarell av åkerlandskap med alv
«Markens grøde», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.

Serien hang i Adminiet på Notodden fram til det i 1952 vart gitt som gåve til Teknisk museum. I 1994 vart måleria overført til Hydros bedriftshistoriske samling. Sidan 2010 har Svælgfoss-serien vore på permanent utstilling ved Telemarksgalleriet på Notodden. Sjå serien samla i billedgalleriet under.

Akvarell av dam med fossende vann og eventyrfigurer
«Dammen på Kloumansjøen», 1908. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.
Akvarell av åkerlandskap med alv
«Markens grøde», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.
Akvarell av lysende kraftstasjon med fossende vann og trollfigurer
«Svælgfos», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.
Arbeidere med røde nisseluer lager tunneler i snøkledd bergvegg
«Grunnarbeide», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.
Akvarell av brusende foss og eventyrskikkelser
«Fossen», 1907. Kunstnar Theodor Kittelsen. Foto: Tomasz A. Wacko / NIA.

Utforsk Kraftlandet